Baby Elsa

_MG_3384_MG_3372_MG_3474_MG_3414Elsa kom på morsdag og valentinerdagen, akkurat som eg hadde tippa. Fødselen var lang og slitsom, starta veldig dårlig og endte heilt fantastisk. Heldigvis fekk eg ei jordmor som såg meg, og skjønte at eg måtte ha smertelindring då eg ikkje var i stand til å be om det sjølv. Er så stolt over meg sjølv etter den fødselen, eg var så sterk. Om eg nokon gong skal føde barn igjen veit eg akkurat kva eg treng og kva eg skal gjere, det er ein skikkelig bra følelse. Den første natta var eg åleine med babyen på barsel, det var heilt feil at Henrik og eg måtte være borte frå kvarandre den natta me fekk barn. Sørgelig at ein sparar skattepengar på den måten, men resten av svangerskapsomsorgen har vore fantastisk. Jordmora mi kom inn til meg då eg låg med ein lys våken nyfødt som trengte meg og alt eg ville var å få sove. Ho strøyk meg på kinnet og lot meg få snakke litt om fødselen, det var eit så fint øyeblikk.Elsa er ein lykkelig og deilig baby, sjølv om eg har henne på meg 24 timar i døgnet klarar eg ikkje å slutte å sjå på det gode fjeset. Det har vore kjempetøft å komme i gang med amming, men når eg ser kor godt det gjer henne får eg motivasjon til å holde ut. Då me veide henne sist jubla eg som om eg hadde vunne i Lotto. No har eg heldigvis klart å feilsøke problemet og får riktig behandling. Henrik har gjort alt for meg sidan me kom heim, passa på at eg får i meg mat og får kvile innimellom. Me ler og griner om kvarandre, tek high fives i senga når me får Elsa til å sovne søtt ved morgongry. Før fødselen snakka jordmor om kaoset som ville oppstå i starten, eg kan tydelig hugse eg sa til Henrik at ikkje heilt skjønte kva slags kaos ho meinte. Det skjønnar me no, og me har ledd litt av at me trudde me skulle sleppe unna våkennetter og utrøstelig baby. Me rekk ikkje fylle vatn på tulipanane, no er all fokus på å nyte kvarandre.Eg har djup respekt for alle mødre der ute. Kjenner meg så kul som får være ein del av den gjengen.