Februarbaby

_DSF1813_DSF1818Eg er gravid! Kjennes sprøtt at eg har rukke å både gifte meg og bli gravid på ca. eit kvarter. Har følt meg sjøsjuk i heile sommar, det har vore kjempeskummelt å kombinere med jobb. Alt har sjølvsagt gått heilt fint, men eg har sett for meg ein del skrekkscenario ved å bli bryllupsfotografen som kasta opp under vielsen. R E S P E C T til alle som nokon gong har vore gravide og hatt eit liv samtidig. Heldigvis har eg hatt ein mann som har servert frukost på senga kvar dag, og dei fire siste vekene har kroppen blitt heilt seg sjølv igjen. Unntatt magen då, som plutselig har blitt ein rund ball. Deilig å være over pizzamage-fasen, som har gjort at eg har gått kledd i store kjortlar og kaftanar i heile sommar.Eg såg Newton-programmet om graviditet og fødsel i går, som er det finaste eg har sett på tv nokon gong. Kanskje det berre er fordi eg er gravid, men syns det oppsummerar fint korleis det føles å være lykkelig, bekymra, redd, glad, kvalm og veldig følsom om kvarandre. Og fint med eit så ærlig program, som ikkje tullar det inn i rosa og blå skyer. Kan sjåast her.