Alt etter havet

_MG_4099_MG_4011_MG_4128_MG_4178_MG_4040_MG_4235Forfattarportrett eg tok av Lasse W. Fosshaug like før han blei far og gav ut bok samtidig (kjenner meg litt igjen i den prosessen). Og eg håpa han kom til å få glitrande melding i avisa, med portrettet sitt ved sida av. Noko han fekk! Me tok bildene like etter soloppgang og lyset endra seg for kvart minutt som gjekk. Eg har blitt mykje flinkare til å avtale fotograferingar når lyset er spennande.Då "Ungdomsskulen" kom hadde eg bestemt meg for å ikkje lese meldingar i det heile tatt, for eg ville berre slappe av og kose meg med Elsa. Men så kom dei rullande og då kunne eg ikkje la være. Eg fekk så mange fine, og berre ein som var litt sur. Den kom på ein skikkelig fin vårdag, eg gjekk ein lang tur med Elsa og tenkte jaja. Har ofte tenkt på det sidan, at å ha barn tar brodden av alle småproblem. Då går eg berre heim og bygger Duplo med Elsa.