Alle skal få

_DSF2177_DSF2176Så er det veke 32. Dette med veker er noko ingen andre enn gravide bryr seg om, men man blir besatt av veker og dagar som gravid. Merkar godt at det begynnar å nærme seg slutten, spesielt om nettene. Er heilt øm i kroppen når eg våknar. Eg og Caroline pleier å svømme ein morgon i veka, det er alltid så deilig å senke seg ned i det varme vatnet og bevege seg uten å belaste eit einaste ledd. Har svømt sidan starten og trur det har hatt veldig mykje å sei for korleis eg har det i kroppen og i skallen. Sjølv om det blir meir og meir upraktisk med mage begynnar det å bli veldig spennande å kjenne kor stor babyen er, og kor god kontakt eg får. No er eg så langt på vei at kroppen er allemannseige. Her kan det meinast og synsast! Klart eg blir kjempeglad for fine kompliment, men det er litt uvant at korleis eg ser ut er eit tema for alle eg snakkar med. Eller, eg syns det er fint så lenge det er hyggelige kommentarar. "Du ser litt sliten ut" er ikkje noko eg vil høyre etter ei natt med dårlig søvn. Eg veit godt sjølv at eg ser ut som Dracula i bakrus. Eg syns egentlig det berre er gøy å snakke om graviditeten, men innimellom tar folk heilt av. Det blir litt vel intimt å stå heilt naken i garderoben etter svømming og svare på spørsmål om kroppen frå framande. Ein ville liksom aldri spurt ein ugravid person om kor mykje hen har gått opp i vekt i det siste, kor mange gongar om dagen ein går på do eller om magen deira er normal i størrelsen. Herregud, kva folk lurar på! Som om gravide sender ut mikrobølger som blokkerar all sosial intelligens og kvardagsleg folkeskikk. Har aldri hatt så mykje merkelig smalltalk i mitt liv før. På bussen, i køen på butikken og på gata. For det meste syns eg det berre er gøy og absurd, innimellom kan eg bli skremt (alle har ei tante eller ein kollega som revna frå navlen til nakken eller fekk ein baby med ein grusom sjukdom). I verste fall blir eg skikkelig lei meg, eller djupt bekymra for folk sine sosiale evner.