Å finne kjærligheten på ein heilt vanlig fredag

IMG_0161
Me møtes på ein heilt vanlig fredag. Som på hundre andre fredagar går eg heim fra jobb, lagar middag, tar på meg favorittkjolen, drikk øl på rommet mitt med Caroline som sminkar seg i webcameraet mitt. Me bærer Rimi-posar med øl over til ein nabo, det einaste eg vil er å gå ut å danse. Eg foreslår å gå på fredagsbaren, nokon vil heller gå på ein konsert, men me ender opp med å gå til fredagsbaren likevel. Det har akkurat blitt høst og Oslo føles heilt ny, frisk og kald. Den klare lufta og alkoholen gjer at eg blir uovervinnelig, og sjølv om dansegolvet står stille tenker at i kveld skal eg ha det gøy, uansett. Alle eg kjenner forsvinner i kvar sine retningar, nokon vil gå vidare, nokon vil gå heim. Eg har ingen å prate med og ingen å danse med, så eg stiller meg ved sida av Karina som pratar med ein fyr, men eg blir ståande utenfor samtalen og late som eg skjønnar kva dei snakkar om. Eg legg merke til han som står ved sida av meg. Han er litt høgare enn alle andre og ser like lost ut som meg. -Hei, seier eg. -Hei, seier han. Me har ein rar samtale, me ler masse og han spør om eg bruker boblejakke om vinteren istadefor frakk. Eg viser han eit øksespark eg har lært på kickboksing. -Sjå her, seier eg og løftar beinet og sparkar hardt nedover i lufta. Eg bryr meg ikkje om å være kul, eg vil berre ha det gøy, uansett.
Me blir ståande å prate heilt til han må gå, og han spør om han kan få sjå bildene mine ein plass. Eg gir han adressa til heimesida mi, av alle ting. Han tastar den inn på telefonen sin og går. Eg tenker at det var ein bra samtale, og angrar litt på at eg ikkje spurte om nummeret hans, for han kjem aldri til å ta kontakt.
IMG_0618
Dagen etter får eg ein melding av han på facebook. Eg blar gjennom profilbildene hans, tenker at faen, han er jo ein gresk gud. Eg angrar veldig på øksesparket. Men no veit eg ivertfall kva han heiter.
Den andre gongen me møtes er også på fredagsbaren, eit par veker etter. Eg ser på telefonen min at han spør om eg vil danse i kveld, og i det samme står han rett bak meg. Eg blir flau og prøvar å forklare at eg ikkje har sett meldingen hans før no, men det høyres meir ut som om eg har oversett den. Denne kvelden er han litt nervøs, me ender opp på samme nachspiel og eg tør ikkje snakke med han sjølv om eg har tenkt på han i to veker. Og så går han heim før eg finn på noko lurt å sei og eg tenker at det var den sjangsen. Dagen etter sender eg melding til han på facebook, spør om han vil møtes i dagslys.
IMG_7510
Me begynnar å gå turar rundt i byen, lange turar frå St. Hanshaugen, til Bislett, på Frogner, gjennom Majorstua, tilbake til St. Hanshaugen. Me kjøper høstepler på Bunnpris, me ler masse og eg har bestemt meg for å være den tullingen eg er, sei dei dumme tingene som faller meg inn, og aldri være kul. Me går tur i skogen, plukkar kantarellar. Me går på torsdagsoperaen på Underwater pub, blir der til det stenger. Kvar gong følger han meg til døra og me gir kvarandre ein klem.
-Me må kline snart, seier eg til dei andre i kollektivet. Me har gått turar og klemt kvarandre i hundre år. Han møter meg ute ein lørdagskveld, eg tenker at i kveld må det skje. Me går oppover Ullevålsveien, i krysset i Waldemar Thranesgate skal eg til høgre, han skal til venstre. Me klemmer, seier hadet og han begynnar å gå i sin retning. Alt håp er ute. Før han skal til å gå over lyskrysset spør eg han kva som skjer. Han blir stille, ser litt redd ut. -Eg må fortelle ein ting, seier han, eg burde sagt det før. -Kva då? spør eg. -At du er nydelig, seier han og ser på meg. Fulle folk på vei heim veltar forbi. -At du er ein nydelig person. -Okei, seier eg.
Denne kvelden kyssar me, i krysset ved Ullevålsveien/Waldemar Thranesgate. Og så er eg redd i eit par veker til. Redd fordi eg er forelska og fordi eg ikkje veit om han er forelska i meg tilbake, og eg syklar til han om natta, full, gal og forelska og morgenen etter seier han at han er forelska i meg og eg seier at eg er jo forelska i han også. Og så blir me ilag, og han gir meg ein tandemsykkel til jul, og me reiser til Paris, og han må gå på krykker, han ler hardt med heile kroppen, eg skriver bok på kjøkkenet hans, me vil kvarandre godt, og han er følsom, men trygg og ingenting er skummelt.
Me har snakka om det ein million gongar, om starten, om at ingen av oss turte å kysse den andre, fordi me visste at me hadde funne nokon som var livsfarlig for oss sjølv. Nokon å bli avhengig av. Livene våre hadde vore rake motsetningar fram til me møttes, og alikevel hadde me endt opp med å bli heilt like i måten me tenkte på verden og kvarandre. Så like at me at me vil dele det samme livet, så like at han på ein heilt vanlig søndagsmorgon spurte om me skulle gifte oss.