Julia&Pontus

_MG_5336Dette bryllupet var eg faktisk litt nervøs for, då eg aldri hadde møtt brudeparet før. Dei bur i Sverige, så sjølv om me hadde sendt ein del mail visste eg ganske lite. Men dette blei virkelig dagen alt stemte. Eg blei så glad då eg ankom frisørsalongen der Julia gjorde seg klar, eg skjønte med ein gong at dette var to gode menneske. (Eg hadde også sett ein falk på nært hold ti minuttar før, så eg var ganske gira.) Heile dagen var prega av at me hadde godt med tid og eg gjorde egentlig ikkje noko anna enn å følge dei. Lyset var perfekt mjukt og me tøffa rundt i skjærgården på jakt etter fine plassar å ta bilder. Brudeparet vart vigsla på ei tilfeldig brygge, full av garnrestar, plankar, søppel og verktøy. Gjestene stod i ein båt like ved. Det heile var ganske improvisert, og det var veldig befriande å være med på. Likevel var alle dei viktige tinga planlagt så fint, og brudeparet var så varme og kjærlige mot kvarande._MG_3994_MG_4021_MG_4027_MG_4039_MG_4278_MG_4439_MG_4497_MG_4521_MG_4697_MG_4733_MG_4757_MG_4849_MG_4887_MG_4912_MG_4940_MG_4927_MG_5055_MG_5054_MG_5101_MG_5136_MG_5207_MG_5291_MG_5227_MG_5245_MG_5330_MG_5381_MG_5383_MG_5409_MG_5496_MG_5529_MG_5584_MG_5563_MG_5604_MG_5611_MG_5630_MG_5720_MG_5774_MG_5778_MG_5949_MG_5993_MG_6280_MG_6193_MG_6230bw_MG_6597Det begynte å regne like før selskapet satte seg til bords, då pakka eg sekken og reiste heim att til Oslo. Eg tok berre bilder halve dagen, og me rakk liksom over alt likevel. Som bruden sa sjølv: -Man ser ju successivt fulare ut medan kvällen blir sen.